Å ordne til foreiningskveld har litt nostalgi i seg. Eg huskar når mamma skulle ha forening, då var det rydding og vasking, og det skulle ikkje ligge sko i gangen som nokon kunne snuble i. Det var påsmurt mat og noko litt søtare til slutt, og restar til frukost og nistemat neste dag om ein var heldig!! Når mamma stekte sveler eller vaflar, klipte ho rundt dei før ho la dei på fatet, det skulle ikkje vere frynsete kant. Eg gjer mykje det same av førebuing, men med min vri. Huset må ryddast, og det har det oftast berre godt av! Ein runde med støvkluten gjev litt meir skinnande flater :) Sko kjem tilbake på plassen sin, eg finn andre ting som kanskje kan ryddast på plass, og støvsugaren går varm. Hausten har kome, og eg kunne finne fram lys og tenne i alle krokar og ikkje minst tenne lys i lyslyktene ute. Det vart sveler igår, og grønsaker med dip som eit sunnare alternativ(og jammen lurte det seg fram ei skål med sjokolade...) Det var te og kaffe og brus, det var det fine serviset vi fekk til bryllaupet for snart 20 år sidan og ikkje minst duk på bordet! Med duk på bordet kjenner eg skikkeleg etablert!
Godt!!! |
Men det viktigaste er samtalen. Å dele av livet, å få støtte, trøst, råd, respons, latter. Alle skal ha taletid. Igår gjekk samtalen med ein litt sår undertone i starten, for ei av oss er svært alvorleg sjuk. Vi var saman, ho kunne fortelje, vi kunne spørje. Godt å vere saman om slikt og!
Men etterkvart vart det latter igjen, gode historier, heile livet fekk plass!
Høres ut som en veldig fin kveld! Slike kvelder gir næring til travle tider der pusten aldri når ned i magen.
SvarSlettPrøvar å legge slike kveldar i minneboka, og greit å bruke bloggen til litt slikt. Og prøvar å prioritere slike kveldar, og heller prioritere ned andre ting, fordi eg får så mykje meir enn berre ein kveld igjen!
SlettSynes du oppsummerer det så fint på slutten der - at hele livet fikk plass<3
SvarSlettØnsker deg en fin lørdag og ei god helg,
og takker for at du er med hos meg - lykke til:)
- Hanne -