torsdag 15. august 2013

Det er ikkje haust enno...

sa ho, for å trøyste seg sjølv! Men i dag tidleg var det skikkeleg haustluft, skarp og klar! Og naturlegvis kjem det mange fine dagar enno(sa ho for å trøyste seg sjølv), men inni hovudet mitt er det litt haust no.
Ein junior har starta på skulen allereie, i huset eg arbeider starta studentane igår(og så unge som dei er...) og IKEA er full av mødre som skal kjøpe det junior treng til sin første hybel(difor unngår eg IKEA no i august). Skulestart og studiestart er haust for meg, det er ryggsekk og nye bøker(og lukta av nye bøker!) og ein litt tjukk genser som viser seg å vere altfor varm utpå dagen!
Det blir tidlegare mørkt om kvelden, det luktar av andre blomster når ein går ein kveldstur og det luktar bær og snart frukt.
Det er mørkare kveldar

Haust er ein ny start! Og eg har laga ei liste over haustting eg kjenner eg gler meg til!!

  • bake bollar til kveldsmat og besøk.
  • tenne levande lys og krype opp i sofaen og berre vere der. 
  • fyre opp i omnen og kjenne den gode varmen.
  • sove på eit kaldt soverom og skifte til den tjukke dundyna!
  • plukke bær, som eg kan sylte og safte og fylle frysaren med! 
  • bite i eit knallsurt norsk eple, kjenne korleis munnen snurpar seg.
  • finne fram varme klær, kjøpe ein ny haustgenser, prøve å unngå haustforkjøling.
  • oppdage fjernsynet igjen. På sommaren ser eg ikkje fjernsyn, men no gler eg meg til å sjå film og følgje med på nyheiter og slikt.
  • det er tid for å lese bøker(ok, det gjer eg heile året, men skal iallfall ikkje stoppe)

 Ingen haustbilder, berre rare utsnitt av påbygget på huset vårt!

Ei lita augustforteljing:
I august 1975 vart eg storesøster, eg fylte sju år og byrja på skulen. Det var mykje nytt på ein gong for ei lita frøken. Det året fekk eg vere med mor(farmor) på bringebærplukking. Eg ser som vaksen at det nok var ein baktanke her, kanskje var det ikkje berre at ho trong selskap? Kanskje trong eg ein tur ut og mamma litt fri? Eg forsto at det var ei ære, at villbringebær var ei spesielt fin bær og at dette var noko eg kunne klare. Eg huskar ikkje kor mange turar eg var med på, men eg hadde eige spann å plukke i, og mine bær vart til mitt syltetøy. I alle år etterpå har det å plukke villbringebær vore noko heilt spesielt for meg, det minner meg om august i 1975, om mor, og eg tømmer tankane og drøymer meg vekk i bærkrattet. Eg hadde faste stader å plukke medan eg budde heime, og jammen har eg ikkje klart å finne bringebærkratt i Trondheim også. Med åra har eg funne glede i å plukke andre bær også, men ingenting slår bringebær!


Kva er haustting for deg?

5 kommentarer:

  1. her har vi plukket bringebær hele uka. Bringebærbusker spretter opp overalt på tomta der det ble gravd og planert for to år siden. I høst har jeg et mål og det er å finne en kurv med kantareller. Ellers så synes jeg det er utrolig deilig at soverommet igjen er mørkt når jeg legger meg..

    SvarSlett
    Svar
    1. Kantarellplukking rett inn på haustlista mi. Misunner litt alle bringebærbuskene... :)

      Slett
  2. Å drikke te av mine blomsterkopper, kikke på bildene fra ferien, lage syltetøy, bake brød og knekkebrød(det spurte guttene etter en dag), gå tur i marka, ta fine høstbilder, lage god kveldsmat(holdt på å skrive gode kveldsmater),være litt melankolsk og ettertenksom, sitte i godstolen i kosekroken og bare kikke..
    Det er høst for meg! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bake brød og knekkebrød, heilt klart! Har laga min eigen müsli, hypersunn og god! Vi får vere litt melankolske og ettertenksomme saman ein kveld :)

      Slett
  3. Herlig! Takk for at du la igjen et spor hos meg; vi har visst hatt samme tanker i det siste;-) Jeg stemmer i på alt du lister opp ovenfor og begynner virkelig å se frem til høsten! På gjensyn!

    SvarSlett