søndag 20. oktober 2013

Vekestart veke 43

Eg ser ut vinduet og ser snø og iskrystallar i oktobersola. Eg ser på gradestokken, og legg meir ved i omnen. Eg ser på bileta folk legg ut på instagram, det er snømenn, englar i snøen, mørke skyer med snø og strålande sol! Eg har gått tur, passa meg for dei glatte partia i skuggen, vassa i lauvhaugar, kjent sola varme og gleda meg over den fine dagen i overgang mellom haust og vinter. 







Snøen kjem oftast som ei overrasking, til fortviling for nokre, og glede for andre! 
Det er ikkje mildver her enno, men det kjem vel.


Ingen hadde venta snøen so tidleg.
Ungane drog ut kjelkar, laga snømenner, bygde hus.
I dag er det sol og mildt att. Snømennene
stend att åleine og græt i grøn hå.

Olav H. Hauge




2 kommentarer:

  1. Å det var tdlig med vinter!! Her er det ennå mildvær og fin høst :-) Ha en fin søndag med innekos :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vinteren går nok over! Det er for tidleg! Nyt søndagen du også!

      Slett