Mannen har ansvar for ein del andre ting, båten, halde igjen litt når hamsteren slår til, fotoutstyr etc.
Mitt siste tilfelle av hamster gjeld teservise, som eg oppdaga at vi ikkje hadde. Vi hadde iallfall ikkje akkurat det eg syns eg trong. Og eg fann jo tekoppar, hos Fretex. Men så hadde eg berre koppar og tefat, ikkje asjetter... Og korleis skal ein kunne ete sandwichar eller scones med lemon curd, krem og syltetøy utan asjett?? (Nokre vil vel seie at eg kan bruke andre asjetter, men...)
Spire, både tefat og asjetter |
Det riflede, kun tefat... |
Ut på jakt igjen! Det går an å søke på Finn.no. Eg søkte på Finn.no, eg fann på Finn.no. Rett nok litt meir enn eg skulle ha. Eg skulle ha asjetter, det fekk eg. 7 stykker. Det var også med 7 tekoppar og tefat. Og eit serveringsfat. Eg avtala henting, og tenkte at når det først var i hus, så var det i hus.
Problemet var at eg hadde vorte forkjøla, eg hadde ei form som var heilt topp til å ligge på sofaen, med Ibux innabords kunne eg orke å sitte også. Eg tenkte at dette måtte eg berre la gå, eg orka ikkje kjøre 3 mil for å hente. Men mannen tilbydde seg å kjøre meg! Tross lite skapplass og eit ikkje like klart behov for fleire tekoppar, forsto han at dette var noko eg ønska meg. Eg hadde kanskje vore
Te frå Sverige bli betre i fin kopp! Og med ingefærkjeks frå Sverige, servert frå Mummihus kjøpt i Japan. |
Så no har vi 10 tekoppar og 7 asjetter i "Spire", og 8 tekoppar i mønsteret "det riflede". Du forstår problemet? Eg har ikkje asjettar til "det riflede"!
Eg er på saken, eg har søk på Finn.no etter asjetter til "det riflede" frå Porsgrund. Og i morgon skal eg ein tur på Fretex for å sjå kva dei har!
Heldigvis syns faktisk mannen at eg har valgt
Det spørs forresten om eg snart
Fine kopper, kommer gjerne på te!
SvarSlettTror nok vi snakker ekte kjærlighet her, ja! :-D
Jeg skal lage selska når du kommer!
SlettDet blir stas! :-D
SlettDe var veldig fine, forstår godt at du må ha asjetter. Jeg er helt lik!
SvarSlett