søndag 30. november 2014

Vekestart veke 49

1.søndag i advent!!! No snør det faktisk bittelitt ute, men det er sikkert borte i morgen. Det er lys og stjerne i vinduet og fiolette dukar på plass. Her er alt på stell, eller iallfall vart det det utover dagen. Eller…kassa med adventspynt som står midt i stove, vitnar om at det er litt igjen. Men litt av sjarmen med desember er å pynte litt etter litt, tenkjer eg vi seier!
Adventskransen/lysfatet vart ferdig seint i går kveld, og var klart då vi åt adventsbrunsj idag. Konkurransen om å tenne lysa er ikkje like hard som før om åra, så iår slapp mor til. Sangen vi syng er det ikkje diskusjon om, det er:

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå,
Vi ventar om det vesle barn,
i krubba lagt på strå.
Sigurd Muri

Og vi syng på nynorsk!  Og tradisjonen tru, er det nokon som må prøve seg på "lagt på skrå", det høyrer med!



I det heile har det vore sang- og salmefokus i helga. Eg har vorte heilt salmehekta av #nrksalme og tv-sendingane. På fredag hadde eg det som bakgrunn då eg satt og arbeidde. Eg fulgte med når folk eg kjente og kora dei syng i skulle på skjermen. I går kveld vart vi sittande til langt på natt og sjå tv. Mamma kunne fortelje at ho og pappa hadde sitte til klokka to i natt, vi snakkar om godt vaksne folk på rett under og litt over 80 år. Pappa hadde vore oppe kl halv seks idag, for å sjå meir. Svigers har sitte klistra til skjermen der dei var.
Etter brunsj idag, gjekk mannen og eg ned til Vår Frue kirke, og fann plass i benkeradene. Akkurat då var det ikkje kø for å kome inn, så vi slapp stå ute og fryse. Tida går fort i godt selskap, for plutseleg hadde det gått 2 timar. Det var mektig å få vere med å synge kongesangen! Det var så taket reiste seg! Og no sitt eg i sofaen for å få med avslutninga på #nrksalme, salmeboka minutt for minutt. Det har vore sjelebot! Kjenner eg har pusta med magen, slept ned skuldrene og mannen har fått merkbart lavare blodtrykk. Til og med 18åringen og kompisane satt oppe i natt og fulgte med på salmemaratonen!!
Vår Frue kirke

Inne i kyrkja
Kanksje er eg litt rar, men då deler eg tydelegvis skjebne med fleire, for det var kø for å sleppe inn i kyrkja.

Eg planlegg litt (jule)musikktips på bloggen fram mot jul, og då kan det dryppe ein og annan salme også der.
Ha ei strålande veke! Eg skal ha fri og gler meg på det:)




lørdag 29. november 2014

Novemberslutt/adventsstart

Eg har tenkt at eg skulle oppsummere november litt. Eg har tenkt, og det har ikkje kome lenger. Men eg skal prøve no.
Det har kosta meg svært lite å ikkje starte desemberkavet i november iår, eg har ikkje sakna julemat eller julekaker. Eg har bevist utsett det meste av julegåvekjøp(/stress), men eg har flittig notert lister dei siste vekene. Litt av grunnen til at eg har vore så avslappa er kanskje alt det andre som har skjedd?
Eg har hatt masse fine opplevingar i november, med festar og besøk. Det har vore god haustmat og ting å sjå fram mot kvar helg. Eg har hatt mange fine turar i marka. Været har vore bra, eg har fått masse dagslys i helgene. Men dei siste dagene har eg kjent på gleda over at det snart er advent!
Og eg trur også at det å bestemme seg for ikkje å starte på pynting og julematen, gjer noko med meg mentalt. Eg har "fri" frå det! Dette er tredje året eg bevist og aktivt har unngått "jul i november", det verkar sikkert også inn?


Idag har eg tatt fram adventspynten, eg hadde berre lagt så tett plan at eg ikkje rakk pynting før seint på dag. Eg fekk med meg mannen på skogstur nesten før dagslyset kom! Vi plukka einer, granbar og mose, slik at eg kan dekorere litt, om ånden skulle kome over meg. Så måtte det handlast inn mat. Når eg trur vi har fullt kjøleskap, viser det seg at nokon har bakt kake, laga seg ein raus omelett til lettvint middag, eller rett og slett berre ete kveldsmat. Eg treng litt tid på å venne meg til desse storetarane som tenåringssonene oftast er! Så eg måtte to turar ut for å handle…. No skal det halde til måndag! (håpar eg….) Eg har hatt ei plan om å lage leverpostei, og  idag vart det, midt i kaoset:) Skal prøvesmake den på brødskiva mi til kveldsmat!


Men innimellom og til slutt kom iallfall stjerna opp og vi fekk pynta hjortehorna til mannen. Det har eg og junior#2 hatt planer om lenge, og vi rakk det nesten medan jegeren var ute. Fint vart det uansett! Meir pynt skal det bli framover, det er kalenderlys og adventskalender(der må eg vel gjere ein innsats i morgen…) Eg skal finne fram fiolette dukar, men adventslysa er ferdige til bruk til frukosten i morgon, første søndag i advent.

Eg hadde tenkt å ha ein slags kalender på bloggen, men vi får sjå om det blir. Det får vere måte på å skaffe seg arbeid…. Kanskje blir det noko enkete dagar? Eg gler meg iallfall på desember, kakebakst, lys og pynt, gåvepakking og juelbrev. Eg kjente julestemninga kom snikande i går, då eg såg på #nrksalme og det var advents- og julesongar frå tv-skjermen!

mandag 24. november 2014

Dikt og slikt

Når han på 18 skal ha diktprosjekt og finne to dikt å lese høgt, samanlikne og analysere, er det jammen godt at mor har ein blogg der ho stadig legg ut dikt! Særleg når det enno er heile to dagar til det skal vere ferdig og han ikkje har starta enno. Mor kjenner visst mest på stresset!

Det er litt fint å leite saman og finne ord som talar til begge. Finne dikt som seier noko om det same på ulik måte. Vi bestemte oss for dikt om venskap, og fann mange ulike vinklingar. Så får han velge sjølv til slutt, og eg får gleda av å vite eg har delteke.

Men mammahjertet bankar litt urytmisk, for eg veit at neste år bur han ikkje heime lenger. Eg må nyte hausten!

søndag 23. november 2014

Vekestart veke 48

Det går unna, sise veka i november no. Om eg er klar? Tja… Eg skal pakke ting til adventskalender, eg må berre kjøpe dei først. Eg skal lage lister til julegåver, som eg skal kjøpe veka etterpå. Eg skal finne kvistar og mose og granbar i skogen, eg må berre gå tur og plukke, så skal det bli adventspynting. For no gler eg meg til advent! Til lys og stjerner i vindauga, til kalenderlys, til pepparkakelukt og til å åpne min eigen kalender! Eg har nemleg fått tekalender :)
Takk til Jorun!

Ein #minnekopp

Og teen skal eg drikke frå koppen eg har fått til minne om Hanne Kari, som døydde i fjor.

Helga har vore full av venskap, fest, latter og alvor, mat og drikke. Bytur, shopping, kafetur. Prat tidleg og seint. Slik går det når damer er samla! Igår kveld hadde vi treretters middag, ro og tid til å nyte den, til å ta pauser, og til å ete oss gode og mette! 


Eg fann eit dikt av Rolf Jacobsen om vennskap. Då eg las det første gongen syns eg det nesten var litt melankolsk og dystert, kjenner vi kvarandre?! Slik på ordentleg? Men så las eg ein kommentar som sa noko å grunde på: "det viktigste ikke er å virkelig kjenne noen (kan en det?), men å ha hatt noen å ikke kjenne." 

Kjente jeg deg?

Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri fikk sagt eller
vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei
jeg vil ikke tro det.
Men det kommer igjen. Natten
har ingen lyd,
bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:

Kjente jeg deg?
Rolf Jacobsen

Med ønskje om ei god veke til deg!

fredag 21. november 2014

Prioriteringar?!

Prioritering kan vere vanskeleg! Eg skal ha besøk i helga, og kven vil ha det på seg at huset er rotete og skittent?! Eg vil jo helst ha plusspoeng og stjerner i husmorboka… SÅ kvar skal ein byrje i ryddinga?
Eg har hatt fri idag, litt med tanke på at eg får besøk og litt fordi eg er sliten og treng åleinetid. Altså kunne eg vaske...
Men fridagar er så vanskelege, eg blir delt i kva eg vil. Sove lenge fordi eg endeleg har tid til det, eller stå opp til vanleg tid og nyte sakte frukost med radio, avis, levande lys? Rusle rundt i pysjamas lenge og avslutte frukosten med ein klementin? Gjere masse fornufige ting eller bruke dagen til noko lystbetont og ufornuftig?(ok, det treng ikkje vere motsetning mellom desse!)


Det vart ein kombinasjon idag. Eg sto opp til nesten vanleg tid, fyra i omnen og åt frukost. Så bretta eg masse klær medan eg framleis satt framfor omnen og høyrte radio. Etterpå gjekk eg tur i marka. OH glede!
På veg til sola!

Smultronstëllet er no islagt, men eg testa ikkje isen. 
Eit melisdryss med snø over tytebærlyngen
Litt skummelt er det med snø over isen…eg datt berre bittelitt ein gong. Men å gå over frosne myrer er noko av det beste som finns!

Eg meiner, dette måtte då vere det luraste å gjere idag? Det viste seg at husarbeidet venta på meg til eg kom tilbake, og hadde vore hos fysioterapeuten, og vore på kafe og gjort enkelte småærend. No er det mørkt ute, og eg ville ikkje gått tur no! Det meste gjort av husarbeid kan gjerast inne sjølv om det er mørkt ute, eg har tid til å blogge litt, og eg trur ikkje eg kjem så verst ut av det på husmorpoengskalaen!
Så no må gjestane berre kome!

mandag 17. november 2014

Måndag morgon blues

Det er måndag morgen. Det er måndag morgon i november! Det vart ein sein søndag kveld med kino for dei andre og rydde-tv-lese-etc-kveld for mor. Det er frost på bakken, mørkt og kaldt. Det hjelp med levande lys på bordet og fyr i omnen. Eg får lyst til å trøste dei trøtte tenåringane, ta dei på fanget litt, men den tida er forbi. Eg får smøre matpakker, gje ein klem og snakke istadenfor. Det er tid til det idag, sidan eg skal litt seinare ut av huset. Ein kokar kakao, mor bryggar seg ein stor kopp te. Avisene blir lesne, det er konkurranse om å få tak i teikneseriane først! Eg likar å bla gjennom først og så gå tilbake og lese det eg festa meg med etterpå.
Lys på frukostbordet

Men det er framleis måndag morgon blues, eg får ikkje opp tempoet! Eg les avisa, tek tran(!) ønskjer dei andre ein god dag når dei forsvinn kvar til sitt. Det er ein forskjell for nokre år sidan, då dei måtte ha hjelp til å passe klokka og huske det dei skulla ha med(og det gjekk jo ikkje alltid bra, for mor huska ikkje alt! Turdag? Gym?!) Eg tømmer oppvaskmaskina, sett på ei klesmaskin, vaskar opp det som står i vasken. Eg passar klokka. Eg skal ha eit møte med ein ergoterapeut frå kommunen for å få hjelpemiddel heime til hørselen min(igrunnen til mangelen på hørsel), og kjenner at eg møter ei mental sperre i meg sjølv når eg seier at «Ja, eg treng noko som gjer det enklare» (og ikkje minst sikrare, røykvarslaren skal varsle meg med vibrasjon om den går om natta) Ventar på innsatslyst for å gjere noko nyttig. Den viser seg ikkje. Men eg rydda igår, så det ser ikkje så verst ut, for kven veit kva slike som kjem på heimebesøk er interessert i? Sjekke hybelkaninane under senga? Sorteringssystemet for skitne klær på vaskerommet? Filteret på oppvaskmaskina?
Eg gjer nokre notatar til møtet. Ryddar litt her og der, er spent.

Dagen er i ferd med å bli kveld

Dette skreiv eg i dag tidleg. Medan eg venta. Og no er det ettermiddag, og etterpå kan eg seie: Det gjekk bra, eg syns det skal bli greit å få hjelp. Ergoterapeuten som kom var triveleg, lytta og orienterte greit. Det er jo masse hjelpemiddel å velge i, og kanskje finns det andre ting eg treng også? Eg skal få vekkeklokke og røykvarslar som virkar sjølv om eg søv på det gode øyret, og eg får lysvarsling på fasttelefonen. Det er ein start, og bestillinga er sendt. Ho var ikkje det minste interessert i kor ryddig det evt ikkje var her. Derimot beundra ho trappa vår, som eg er veldig glad i, og som mange kommenterar. Eg kunne derimot glede meg over eit ryddig hus då eg kom heim. 
Det var godt å ha ein roleg start på dagen, det kan eg tenkje meg fleire gonger… Det krever litt planlegging, for det er måte på kor tidleg eg orkar stå opp for å nyte ein kopp te! 
Eg gjekk til og frå jobb idag, det har vore plana lenge å gå meir til jobb, og idag var første gong på lenge... Det er jo ein start! Det gjorde godt med dagslys på tur til jobb, og å så lyset sakte svinne på tur heim.

Vi har ete restemiddag, idag vart det tre rettar! Fiskebollar med kvit saus først, så gulasjsuppe med brød og tilslutt frukt! Alle mette, alle fekk noko dei likte og kjøleskapet er tomt for restar. Eg kjenner meg så mykje betre når vi et opp restane og ikkje kastar mat.  

Så det vart ein fin dag, når eg berre kom igang.

søndag 16. november 2014

Vekestart veke 47

Hurra, snart ny veke :)
Eg har full kalender, og eg må tilstå noko: eg har byrja skrive lister med huskepunkt for desember… Men ikkje ei peparkake i sikte i heimen. Vi har ete gulasjsuppe med elgkjøt idag og kjent på at det er skikkeleg haustmat. Mannen var med meg i skogen, og der er det haust, med frosne myrer og lauvet har fallt av. Men ikkje mykje snø som gir julestemning. Vi møtte ein gamal(det er lov å seie det når han såg ut til å vere nærmare 80?) Han ville ha snø snakrt, så han fekk gå å ski. Eg tenkte at han vil eg ikkje gå om kapp med, for han såg ut til å vere av den uthaldande typen!

Igår var vi på nabofest. Vi er heldige med naboane våre!! Vi fekk smalahove. Eg var debutant på feltet, og var litt spent. Det er jo litt rart med mat som ser på deg når du løftar bestikket for å ete… Men med litt guiding og prøving, fann eg ut kva eg kunne ete, og det smakte godt!
#saufie

Og ein kveld med gode naboar, god mat og god tid er jo stas!! Mange tema var oppe til diskusjon, nokre vart kanskje løyst? Men det viktigaste er at vi treffes. (Note to self: det der snart vår tur å invitere)

Med eit slikt måltid, fann eg ut at dagens dikt må vere sauerelatert. Mamma var minstesøster i familien då ho voks opp, og søstra som var 10 år eldre likte godt å synge "Eg gjette Tulla" til henne. Dette fordi mamma alltid byrja gråte når dei kom til verset der det berre er bloddråpar igjen av Tulla… Søsken, altså! Men sanger er jo trist og dramatisk, ikkje rart om det kom tårar.

Eg gjette tulla i femten år,
eg passa vel på Tulla.
Eg gjette bort både lam og får;
men endå hadde eg Tulla.
 
Refreng
Å hei, å hå, det får så gå,
eg tregar meste på Tulla,
for ho var krulla i ulla.
 
Eg gjette Tulla borti ei li,
det var så lite til beite.
Eg gjekk og lokka på Tulla mi
og etter graset mun leite.
 
Og så kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kjøpmann til Tulla,
og akkederinga var kje lang,
og penningan’ver kje mange.
 
Eg fekk kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerli
om der er gras nok og groe.
Folkevise

Ha ei strålande veke! Med eller utan ull og tull :)

tirsdag 11. november 2014

Klarer eg nyte november?

No er vi ferdig med første veke i november, og korleis går det?
Det går så bra! Eg har verkeleg ikkje vore frista til å ete ei einaste pepparkake(Det er sant! Men den skåla med pepparkaker på venterommet eg var på igår, lukta veldig godt!!!) eller marsipanstang. Men eg har ikkje gått svolta rundt for det :)
Eg har hatt feiring med ein kollega, kor ofte har ein papir på at ein har eit velfungerande hode? Iallfall det ein kan måle utfrå kva ein ser på eit MR-bilde, det kan vere innvendingar frå folk i nærleiken til korleis det virkar i kvardagen… Vi fann iallfall ut at når vi begge var friske, i det minste i hodet, burde vi feire! Det vart ein laaang, triveleg kveld. Det var levande lys, god mat og drikke, latter og ingen tårar, men både lette og tunge tema som vart drøfta.
Eg skriev at eg skulle bake brød, og det har eg gjort, ein gong allereie. Eltefritt brød er utruleg kjekt og enkelt å lage, berre ein huskar sette deigen dagen før. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift på Trines matblogg. Oppskriftene der er greie å følge, og sjølv om eg endra litt på ingrediensene så vart resultatet veldig bra!
Eg skal bake fleire brød i november!
Eg har også laga sitronfromasj, det er mykje jobb, men veldig godt!
Vi har feira farsdag, og det vart som eg ønska meg, ein roleg dag med familien!

Og eg les bøker, fann ut at bok tre i Ken Follet sin serie om vårt århundre hadde kome, og den er herleg laaang! Mange, lange, gode lesestunder i vente.

Det har vorte fleire turar i Estenstadmarka. Eg vil helst gå medan det er lyst, så det blir berre i helgene. På laurdag var eg litt seint ute, og då fekk med meg vakre farger i kveldssola. Og eg gjekk veldig fort det siste stykket tilbake til bilen, i tussmørke og med rare lydar rundt meg.
Mitt "smultronställe"
Og enno er det mykje igjen av november og masse å glede seg til! Eigentleg er november det friminuttet vi treng før desember. Ingen helgedagar vi må vaske og rydde til, berre mange gode kvardagar!

søndag 9. november 2014

Vekestart veke 46

Søndag kveld, i bakhodet raslar tanken om kva dikt eg skal velge idag…
Det er farsdag, og ein kan meine mykje om den. Oppfunnen av handelsstanden og kommersiell som berre det! Men samtidig ein dag til å gjere stas på den flotte mannen som er pappa til ungane mine, og ein dag vi kan gjere litt ekstra ut av. Ein dag til å sette ord på at eg sett pris på han, den han er og det han gjer. Det var ikkje slips og strømper, men to bøker han ønska seg.
Det var sakte frukost med varme rundstykker og eggerøre. Han ønska seg lammefrikasse til middag, og med oppskrift fekk eg til det. Eg hadde lettsindig nok sagt ja til å lage sitronfromasj, det var ikkje snargjort, men resultatet vart så bra at den gjekk rett inn på lista over dessertar vi skal ha i jula(vi har så mange dessertfavorittar at jula er i kortaste laget for oss… Det kunne vere eit alternativ å ha dessert oftare enn til jul kanskje?)
Og eg kandiserte sitronskal til pynt, meir dillete enn godt!

Eg fekk gå lang tur i skogen! Det er så godt! Det såg skikkeleg grått ut og det var litt surt, men når eg først var ute var det godt. Det finns meir dårlege klær enn dårleg vær!
Så fint kan det vere i marka ein sur, våt haustdag


Men tilbake til farsdagen, eg fann eit fint dikt idag som seier litt om ein barn forhald til ein trygg far. Diktet beskriv noko eg kan kjenne meg igjen i! Eg var heldig, eg hadde ein trygg barndom. Eg kunne kvile i at nokon passa på meg. I bilen var det mørke ute, og trygt inne saman. Ingenting kunne skje med pappa bak rattet og mamma som passa på.

Den stille tryggheten

Husker du det?

Når du lå i baksetet

seint, seint om kvelden

og det var fortsatt lang vei hjem

og far hadde nynnet litt

og mor sa hysj jeg tror han sover

- men du sov ikke

du lå og hørte

på den stille tryggheten

med klikkene

klikkene som fortalte om

full kontroll

når far skrudde fjernlyset av og på

en hemmelig kode som han kunne

slik at ingenting kunne gå galt

Hvem av dere kan gi meg den

den stille tryggheten


hysj bare sov du

klikk klikk, ingenting kan gå galt

bare sov.

av Henrik Mestad

God veke til deg!!!

onsdag 5. november 2014

Å nyte november

Både i fjor og året før, skreiv eg om å leve i november på bloggen. Litt fordi eg ikkje ville ta advent og jula på forskot, og litt fordi eg ville finne ein eigen verdi i november, ein månad som er litt "ingenting". Det er mørkt, det er slutt på haustfargene og det er ikkje julefarger enno. Det er ingen høgtider, ingen fridagar, det er ikkje tida for ferie. Men når eg har leita, har eg funne mykje fint, berre sjå her og her. Fleire novemberinnlegg finn du under emneknappen november til høgre.

I kveld har eg vore ei slags filletante i 12årsdag, på ein heilt vanleg onsdag. Det var utruleg kjekt, og ein syssel eg gjerne gjer fleire gonger i november! Og her skal du få flerie novemberplaner frå meg:

  • Gå i selskap kver helg! Det er kanskje ikkje slik alle år, men i år skal eg det! Eg har allereie treft vener frå riktig gamle dager, eg skal ha ei feiring i heimen når helga kjem. eg er bedt i smalahovelag, eg får ikkje med meg Thanks-giving, men skal ha venninnehelg, og det er fest på jobb! Altså ingen julebord, berre trivelege haustfestar, og gode sjanser for å lufte kjolar og høge hælar!
  • Eg skal lese bøker! Eg skal prøve å blogge om dei etterkvart også. Å sitte i sofaen, ha fyr i omnen og lese på kalde kveldar er supert! Eller berre lage ein kopp te og sjå inn i flammane, utan å lese.
  • Bake brød! Det går i rykk og napp, men det skal eg prioritere i november. Og eg skal lage karmellpudding, ja til dessert i november!
  • Eg vil gå endå fleire turar i marka, før det blir vinter. Det er noko med å sjå hausten slutte og vinteren kome.  Det er fint å springe over myrene no, med litt is og litt gjørme... Det gjer godt med skogens ro for kropp og sinn. Det er fredeleg i marka ein tidleg morgon eller tideg ettermiddag. Eg ser ned på byen og kan nyte freden. 
  • Eg vil gå til jobb, gå medan lyset kjem og vakne samtidig. Kome inn på jobb, lage varm te og vere klar for dagens dont.
  • Eg skal ha ein sydag. Kanskje blir det julegåver, kanskje blir det til ei julemesse, men iallfall blir det kreativt! Og stofflageret kan godt gjerast noko med...
  • Eg skal lage fårikål ein gong til! Eg skal lage gryter som treng lang tid og sprer god lukt rundt i huset.
  • Eg vil sjå på blåtimen, sjå at dagen blir til kveld. 
    Eg trur at slike utsikter gir ro i sjela og lavt blodtrykk
  • Eg vil gå på kino! Det gjer eg altfor sjeldan, og det er alltid kjekt.
  • Vi skal feire farsdag, med ein roleg frukost, tradisjonella gåver og ein midag som tek timar å lage.
  • Og kanskje skal eg når det nærmar seg, skrive lister over julegåver, julekaker og andre jule-huske-ting. Kanksje… 
  • Eg skal iallfall ikkje vaske ned huset, pusse sølv eller jakte på hybelkaninar! Dei skal leve trygt til jakttida startar ca 20.desember. Eg skal heller brenne masse lys, både inne og ute! 
  • Eg skal ikkje ete peparkaker eller julemarsipan eller drikke julebrus! Eg skal heller ete haustmat, lage grove rundstykker og ha på eplemosen eg kokte ein novemberkveld.

Slik planlegg eg november!
Kva planlegg du i november? Er du av dei som allereie har starta å bake, kjøpt inn julebrusen og er klar for jul? Eller er du som meg?

mandag 3. november 2014

Tradisjonar, vekestart veke 45

Tradisjonar kan vere seige ritualer som ein gjennomfører på trass, eller gledefyllte hendingar som ein med glede utfører.
Denne helga har det vore rin tradisjon vi gjerne held ved like som har gått av stabelen!  Vi har hatt det tradisjonsrike Tucasjubileet, i år 23 år. Tucas er(evt var) ein mannsoktett mannen og gode vener stifta på tidleg 90tal. Dei syng ikkje så mykje lenger, og syng dei, er det gjerne gamle svisker både dei og vi damene i publikum kan godt! Det er noko med å treffe igjen dei ein har kjent i mange år, det er tid for selskap, mimring, latter og gode, delvis sanne historier :) Å ha vener ein har delt så mykje med, gjnnom så mange år, er ein rikdom som ikkje kan målast i pengar!
Og det er stor stas å sjå at juniorane startar bygge den same typen tradisjon med sine vener!  Dei feirar bursdagar saman, lagar selskap og sett pris på kvarandre.

Iår hadde vi byvandring i Trondhem på formiddagen, og kor ofte er ein turist i eigen by? Eg fann iallfall stader eg aldri har sett før… På kvelden var det middag, pynta folk og kvite dukar. God mat og drikke, høg stemning. Og diktlesing! Gjerne noko ein har høyrt før, som "Kallen og katten" av Jakob Sande. Den er ein klassikar! Men også det eg no skal dele, som var meir ukjent for meg. Diktet er ganske langt, men ta deg tid til å lese heile og kjenn på gleda til smågutane og lukta av grilla fisk!




LEGENDE
Moses opplyfte sin lange stav 

og skilde Det raude hav.

Frå strand til strand sto ei vasskanal

romsleg som Jordans dal.

Og Moses ropte, fylg på, fylg på!

Farao kjem, og Gud hjelpe oss då

om ikkje vi alle er langt her ifrå

på veg mot det lova landet.

Og taktfast til tonar av horn og lur

skreid flokk på flokk til havs etter tur

rettleide av prestestandet.

Kamelane vogga i vyrdeleg gang

men gleid opp-på sleipe manneter og tang

og skreik so dei skræmde smalen.

Hokrande på sine lange bein

smatt krabben i ly under tarestein,

og hummaren slo med halen


Men inn for den vassblanke, håle mur

stod fisken som attom eit speglglasbur

og bisna på denne skreia.

Storkveita låg der i kongeleg ro

men flyndra var sakte meir nyfiken, ho,

og våga seg heilt fram i leia.

Det glimta i buken på steinbit og ål,

og hysemor storma so vyrdlaust mot mål

at knapt ho fekk snu seg før ho landa.

Seien kom sendande, smellfeit og gild

og jaga fram stimar av fin kokesild

som mest kunne takast med handa.


Men då kom det liv i smågutane der!
Reint styrlause vart dei, som rimeleg er,
og uråd å halda i age.

Dei skrik: Onkel Moses, ver nådig no,
stans opp, og gjev katten i Farao,
han får nok ein ny landplage!
Og Moses, forstandig og barnekjær,
fann ut det var likast å fire her,
og dermed lyfte han luren.
Eit jubelrop helsa det klåre signal,
og smågutane var i tusental
slo inn i den våte muren.
Vassdrivet sto som ein fossesprut
kvar gong dei ein lyr eller sei drog ut
og inn på det turre hala.

Men han som fyrst kloa i storkveita slo,
laut påkalla hjelp både ein gong og to
før trygt ho i tanga sprala.
So dunga då fisken seg litt etter litt,
ja, jamvel dei minste var frampå med sitt,
som bladsild og småmakrelar.
Og då dei så trøytna og gav seg med kvart,
då synte det seg at det samanlagt vart
ei føring på fem pakk-kamelar.

Det vart vel ein kveld i Arabialand
med steinmura gruer på skjelkvit sand,
og fresing i steikepanna.
Kvar einskild fekk eta seg stappande mett
og sutalaust velje si eiga rett,
og etterpå vanka det manna.
Men tett under land steig det boblar opp,
der Farao låg, den forvorpne kropp,
med hestar og generalar.
Og difor skal Herren skje takk og pris
som fører sitt folk på forunderleg vis
til song i Judea dakar!

Jakob Sande


God veke til deg! 




søndag 2. november 2014

Middag veke 44

Istadenfor å blogge kvar dag, tek eg eit tilbakeblikk på middagar i veka som snart er slutt:

  • Måndag: Elgkarbonader, restar frå familiemiddag på søndag, med potet, gulrot, brokkolig og brun saus. Svigermor var på besøk, og eg fekk ferdig middag då eg kom frå jobb. Luksus! Og sidan vi hadde hatt selskap på søndag, vart det kakerestar til dessert
  • Tirsdag: Gulrotsuppe. Fresa løk og kvitløk, tilsette gulrot, søtpotet, sellerirot og buljong. Kokte til det var mørt. Jamna med stavmiksar, og hadde oppi stekte bitar med kyllingfilet. Grovt brød til.
  • Onsdag: var ein dag der ingen var heime til samme tid, og då er det gull å finne restar i kjøleskap og frysar! Eg fekk gulrotsuppe, mannen åt dei siste elgkarbonadene, junior#1 laga ostesmørbrød med kjøttbollar, og junior#2 laga tomatsaus til kjøttbollar og pasta. 
  • Torsdag: På mystisk vis hadde ingen handla før eg kom heim frå jobb…eg hadde heller ikkje handla på veg heim frå jobb, og igrunnen hadde eg lite oversikt over kva eg hadde i kjøleskapet lenger. I frysaren fann eg ein bit bacon og nokre hysefiletar. Eg stekte bacon, så stekte eg hysefiletane i baconfettet, skar opp gulrot, løk og brokkoli som eg la i panna saman med resten. 
  • På med lokk og småsurre madan eg kokte ris. Kjapt og godt!
  • Fredag laga eg satayspyd, men ytgangspunkt i denne oppskrifta Satayspyd. Eg laga det ikkje som spyd, men som litt tynne biffar, neste gong vil eg nok ha mango i salsaen, og meir chili istaden for chilisaus. Men det var mat som fall i smak!
  • Laurdag laga eg masse pizza, sidan attenårigen skulle ha kompisbursdag. Ei lita utfordring at den eine gjesten er veganer, som er ganske uvant for meg, men det vart pizza utan kjøt og ost, men med masse grønsaker og eit dryss pinjekjernar på toppen. Eg og mannen var på vennefest, og åt serdeles god tapas! Eg hadde med karamellpudding til dessertbordet, den var populær, iallfall vart den fort borte :)
    Veganerpizza 
    Karamellpudding
  • Søndag, altså idag, står fårikålgryta og putrar på komfyren. 
Syns vi kom dreit i mål denne veka, har iallfall hatt middag kvar dag. Litt lite fisk, men mykje reint kjøtt, og ein middag med grønsak som hovedingridiens! Så får vi sjå kva neste veke bringer...