Men no i kveld fekk eg ei lita pustepause. Mannen og junior#2 er på kino. Junior#1 planlegg nyttårsaften saman med kompisane. Så her er eg, åleine heime!!! Yuhu!
Juletreet blir berre meir og meir skakt... |
Hjortehorna lyser i den stille kvelden! |
Kva eg gjorde?
Rydda på kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. Samla saman skitne klær og starta vaskemaskina. Bretta reine og tørre klær og sorterte(medan eg høyrte "Jul i P2") Kledde på meg regnklær og snørte på meg piggsko og gjekk tur.
No har eg ramla ned i sofaen, skrudd av det meste av lys, nyt lysa på juletreet og frå stjerna. Eg et ananas og klementin.
Kanskje ikkje heilt vill og gal, men eg gjer som eg vil :)
Det er Luxus med litt åleinetid; å få gjera det ein har lyst til i sitt eige tempo, til og med ingenting ;)
SvarSlettTreet er sjarmerandes!
Godt nytt år til dykk!