I går kveld, medan salmane rulla over
skjermen, pakka eg adventskalenderpakker til den store gullmedalje.
Men det var mykje enklare iår, når eg fann ferdige posar å putte
gåvene i. Å pakke inn tyggispakker i gråpapir er noko dill…
Debatten om kalendergåver går kvart år, kor dyrt det
blir, kor vekkskjemte blir dei, kor mykje sjokolade etc. Her har vi
aldri hatt tradisjon for gåvekalender, sjølv om det blir pakka inn
og hengt opp. Det er blyant, viskelær, penn, linjal(ting dei likevel
må ha i ei travel tentamenstid) og ulike sjokoladar. Eg har kjøpt
strømper, truser, dusjsåpe, refleksar, ballongar++ nokre år, men
tannkost vart det berre ein gong, det fall ikkje i smak! Dusjsåpe er
tradisjon, den er altfor tung til å henge opp, så den må hengast
med lang tråd og ligge på golvet under. Alle veit kva som er i
pakka med lang tråd. Men at gleda over ei overrasking kvar morgon i
advent er der, er heilt klart!
Kalenderen laga eg til advent i 1998,
så den har vore med på nokre rundar. Den er vel ikkje den mest kunstferdige, eit barn av si tid, på ein måte, men den er ein del av vår adventstradisjon! Eg syns det erstas å ta den fram år for år, mimre litt om då ungena var små og berre kunne henge på ei pakke i gongen, fordi spenninga var så stor. Og det var ei lita nøtt kvar
den skulle henge etter at vi bygde på og veggen den alltid hadde
hengt på var borte! Det løste seg heldigvis ganske greit.
Eg er vant med kalender frå eg var
lita. Eg fekk fleire år kalender frå storesøster, kjøpekalender
med fint motiv, gjerne av ei julekrybbe, og inni var det små plastfigurar.
Det var skattar å få! Trur eg har nokre av dei enno, ca 40 år
etterpå. Seinare laga mamma kalender, ho sydde sokkar av filt og
hengte opp på ein bakgrunn av strie(ja, vi snakkar tross alt
70-talet) På kvar sokk var det sydd dato, og når sokken var tom,
snudde vi den. I sokkane var det plass til ein seigmann til både meg
og veslesyster, eller kanskje tre nonstop til kvar. Eg viste godt kva
som var i strømpene, for eg var alltid med og pakka inn. Det var
ikkje kva som var oppi, men at det var ein ting for kvar dag, slik at
vi hadde nedtelling!
Då Skomakergata kom, måtte vi ha
nellikappelsin for å telje ned saman med Tøfflus, naturlegvis. Det
var ein skuffelse når appelsinen rotna midt i desember, fekk pels og
lukta stygt! Men det var vel ikkje verre enn at vi fann ein ny
appelsin og prøvde på nytt!
Posane er ikkje fulle! Og legg merke til hyssingen som går ut av biletkanten! |
I Norge er ikkje tradisjonen med
adventskalender så gamal, om ein skal tro informasjonen eg finn på
nettet. Den starta først etter andre verdskrig i Norge, men i Europa
er den omtala i ei bok fra 1852 og det finns kjøpevariantar frå ca
1900. Men måtar å telje ned på har nok funnes lenger.
åh Skomakergata er fin! Jeg og seksåringen så på første episode i dag tidlig til frokosten og har planer om å se èn episode hver dag fremover. Den er så koselig. Kalenderene ble åpnet med brask og bram her også i dag og alle var fornøyde:)
SvarSlett